Bø filmsalong | Father Mother Sister Brother

I FATHER MOTHER SISTER BROTHER utforskar Jim Jarmusch komplekse relasjoner mellom vaksne barn og foreldre i ei tredelt familiehistorie.
Filmen følgjer tre familiar i USA, Dublin og Paris, der søsken blir gjenforent med kvarandre eller med foreldra sine.
Med eit stjernespekka ensemble, blant andre Cate Blanchett, Adam Driver og Tom Waits, byr filmen på ei meditativ kinooppleving, som balanserer humor og melankoli i Jarmuschs karakteristiske skeive stil.
Meditativ og tørrvittig er FATHER MOTHER SISTER BROTHER ein stille refleksjon over den livslange oppgava det er å prøve – og ofte mislykkast i – å verkeleg bli kjent med menneska som står oss nærast.
Jim Jarmusch – ein av dei viktigaste indie-regissørane i amerikansk film - er også dramatikar og skodespelar.

FATHER MOTHER SISTER BROTHER vann Gulløven for Beste film på Venezia Film Festival 2025.

Me har invitert Sveinung Wålengen til salongdelen. Han er filmvitar og kinosjef på Gimle kino i Oslo, og han er også skribent i filmmagasinet Montages. Han vil snakke om Jim Jarmusch og filmane hans.
Filmen blir vist i Storsalen. Etter filmen blir det «salong» i Framstugo, med gjest, lett servering (inkludert i billetten), og tid til samtale rundt borda.
Velkomne!

Tid

tirsdag 7. apr, 18:30 -

Hvor

Bø kino
Les mer/meld deg på