Kvinnehelse fra vugge til grav + samtaler, jordbær, bobler og konfekt!

Torsdag 26. september inviterer vi til eit mangfaldig foredrag om kvinnehelse, akkompagnert av (alkoholfrie) bobler, jordbær og sjokolade.
JOHANNE SUNDBY er lege, professor emerita og blant verdas fremste ekspertar på kvinnehelse. Ho vil fortelje oss om dei mange aspekta ved kvinners fysiske og mentale helse, og om ulike dilemma i forståinga av likestilling. Sundby mottok i fjor Kongens Fortjenstmedalje for sin innsats på området. Ho har også jobba mykje internasjonalt, og vil trekke inn globale perspektiv.
Bø kvinneforum ønsker med dette å bidra til auka fokus og påtrykk på eit område som altfor ofte blir nedprioritert. Etter foredraget blir det fellessamtale, der også lokale helseressursar er invitert med.
Inntektene frå kveldens LODDSAL går til «Cathrine Hamlin Fistula Foundation», som tilbyr etiopiske kvinner behandling av alvorlege fødselsskadar. Johanne Sundby donerer også sitt honorar til denne organisasjonen.
INNGANG kr 100,- // studentar kr 50,- // under 18 år gratis. Billettar kan kjøpast i døra.
Foredraget startar kl 19, men dørene opnar for servering og prat kl 18.30. Bø Bok & Papir vil også sette fram eit knippe aktuelle bøker for kvelden.
VEL MØTT!

Tid

torsdag 26. sep, 19:00 - 22:00

Hvor

Les mer/meld deg på