Klangen av norsk utvandring: Nye historiske perspektiv og hardingfelemakeri i Amerika

Vi utforskar klangen av norsk utvandring: I kva grad utfordrar ny forsking våre forståingar av norsk utvandring og kulturarv?

Gjennom to foredrag og ei utstilling inviterer vi til eit møte med norsk utvandringshistorie og hardingfelemakeri i Amerika.

Arrangementet løftar fram både historisk forsking og handverkstradisjon, med nye blikk på norsk utvandring, samt Gunnar (1885–1976) og Knut (1880–1919) Helland (“Helland Brothers”) sitt arbeid som hardingfelemakarar i Midtvesten.  

Alle delar av arrangementet er gratis og opne for publikum. Publikum får høve til å reflektere over utvandringa sine mange fasettar, både gjennom å høyre foredrag og oppleve ei unik utstilling av instrument og historiske materiale.

Program, onsdag 17. september

15.00-16.00 Myllarsalen

Norsk utvandringshistorie – gamle og nye perspektiv (foredrag)

Ved James Godbolt, professor emiritus i historie, USN

I år er det to hundre år sidan den første organiserte utvandringa til Nord-Amerika. I underkant av ein million nordmenn har utvandra til USA og Canada sidan 1825. Etter Irland sende Norge flest utvandrarar i forhold til folketalet. Korleis har tidlegare historikarar sett på historia om norsk utvandring? Kva tema har historikarar vore interessert i, og korleis har dei forklart utvandringa? I dag er historieforskinga prega av tematisk mangfald og nye perspektiv, men også kontinuitet. I kva grad har nyare forsking ført til å stadfeste eller utfordre tidlegare forklaringar? Foredraget tar opp nye perspektiv i utvandringshistoria, mellom anna forholdet mellom urfolk og norske settlarar.

16.30-17.45

Helland Brothers: norskamerikanske hardingfelemakarar i Midtvesten (foredrag og utstilling)

Laura Ellestad, Ottar Kåsa, Kjetil Meberg Myhren, Benjamin Rygh,Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Vi markerer 200-års jubileet for norsk utvandring til Nord-Amerika gjennom eit åpent foredrag og utstilling om hardingfelemakarane «Helland Brothers». Brørne Knut  og Gunnar G. Helland frå Bø i Telemark, utvandra til Wisconsin/Minnesota rundt århundreskiftet og starta felemakeri.

Foredraget vil drøfte felemakarane frå ulike faglege perspektiv. Benjamin Rygh (universitetslektor i folkemusikk ved USN) og Kjetil Meberg Myhren (bachelorstudent i instrumentmaking ved USN) vil drøfte formspråk og konstruksjonsmetodar hos Helland Brothers basert på analysemetodar Rygh har brukt og utvikla gjennom sitt doktorgradsarbeidet.

Ottar Kåsa (hardingfelemakar, -utøvar og førstelektor i folkemusikk ved USN), vil drøfte instrumenta frå eit felemakarperspektiv, m.a. i høve dekor og klang.

Laura Ellestad (førsteamanuensis i folkemusikk ved USN) vil drøfte brørne sin biografiske, kulturelle og historiske kontekst i Noreg og Amerika.  

Instrumenta til Helland Brothers er lite kjend i den norske konteksten. Foredraget vil bli supplert med ei instrumentutstilling med tilhøyrande informasjonsplansjer.  I tillegg til instrumentutstillinga vil det også vera høve til å sjå utstillinga «Hand Me Down the Fiddle: Norwegian Fiddlers, Fiddles and Fiddle tunes in the Upper Midwest». Utstillinga skildrar norske og norskamerikanske felespelarar, samt felemakarar og folkemusikkinnsamlarar frå norskamerikanske samfunn i det øvre Midtvesten. Kurator for utstillinga er den amerikanske musikaren og forskaren Beth Hoven Rotto. Den har tidlegare vore utstilt ved Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, Iowa, USA.

 

 

 

 

Tid

onsdag 17. sep, 15:00 - 17:45

Hvor

Rauland
Les mer/meld deg på