onsdag 17. sep, 14:00 -
søndag 28. sep, 17:30
Notodden
Vi knyter kunst opp mot tryggleik: Kva kan kunst bidra med i krevjande sosiale og politiske forhold?
Arrangementet er gratis og ein del avForskingsdagane 2025 ved USN
Gjennom ei kunstutstilling, "artists talks" og ein open workshop inviterer vi til eit kunstnarisk rom for felles refleksjon rundt temaet tryggleik.
Arrangementet formidlar kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking frå to doktorgradsprosjekt.
Alle delar av arrangementet er opne for publikum. Publikum får høve til å tolke tryggleik på mange ulike måtar; gjennom å møte og samtale med kunstnarar og forskarar, og ved å delta i workshopen.
Program, onsdag 17. september14.00
Opning av utstilling med tittel "Inhalation"
Ved kunstnar og stipendiat på Kunsthøgskolen i Oslo, Shwan Dler Qaradaki
14.45
Artist's talks/samtale om: Korleis kan kunst bidra til å reflektere over tryggleik? Kva kan tryggleik bety i dagens politiske situasjon?
Ved Shwan Dler Qaradaki og Marie Skeie
15.30
Workshop - bli med å lage eit stort fellesbroderi
Ved Marie Skeie. I workshopen inviterer ho til at vi saman lagar eit flagg med fargar frå området rundt campus. Deltakarane blir inviterte til å brodere på flagget, til å uttrykkje det politiske, sosiale engasjementet sitt og utforske omgrepet tryggleik i ein kunstnarisk kontekst. Work shop'en hald fram til om lag 17.30.
Innbyggjarane i Notodden, besøkjande, studentar og tilsette blir inviterte til å brodere gjennom heile perioden.
Utstillinga og broderi er open/ligg framme på alle kvardagar i USN sine opningstider, frå 08.30 til 15.30.
Om kunstnarane/forskaraneShwan Dler Qaradaki, fødd 1977 i Suleimania i det irakiske Kurdistan, er ein norsk biletkunstnar som jobbar med teikning, måleri, foto, installasjon og video. Han kom til Noreg som flyktning 1999. Shwans kunst problematiserer identitetar i ei multietnisk og multikulturelle verda. Med utgangspunkt i den kurdiske bakgrunnen sin har han gjort spenningsfeltet mellom moglegheiter, tradisjonar, brot og fordommar til eit gjennomgangstema. Shwan har fått ei rekkje prisar og utmerkingar for arbeida sine. I 2010 tok han imot Skien kommunes kunstnarstipend med opphald i Skien. I 2025 vann han gull i kategori Årets vakraste illustrerte bøker for boka "Sarin".
Marie Skeie har eit doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Søraust-Noreg, med fokus på kunstnariske kollektive praksisar i Palestina og Noreg. Ho har dei siste åra jobba med det som i Palestina blir kalla mujawaarah, som betyr naboskaping. Skeie undersøkjer kva relasjonell kunst og ulike samskaping-aktivitetar kan opne for.